← Tilbake
 

Ofte stilte spørsmål


Kva er ein idé?
En idé er eit forslag til løysning på eit problem. For at Idémottaket skal ta ideen vidare, må den ha potensiell nytte for pasient/pårørande, tilsette, sjukehus og samfunn.
 
Kva er innovasjon?
Idémottaket ser på innovasjon som eit nytt produkt, prosess eller teneste som tilfører verdi til pasient, pårørande, tilsett, sjukehus og samfunn. Innovasjon skal vere nytt og nyttig.
 
Dersom eg har ei oppfinning, kven skal eg sende den til?
Send den til oss! Vi sender den vidare til vårt teknologioverføringssenter som hjelp oss med kommersialiseringsprosessen.
 
Kven kan sjå idéen min dersom eg sender den inn?
Det er berre dei som jobbar i Idémottaket, i tillegg til deg sjølv, som ser din idé. Dersom ideen din skal vere synleg for alle, må du som innmeldar vere enig i at det blir gjort. Dette registrerer du i eit eige Idéskjema.
 
Kan eg som innmeldar vere anonym?
For å kunne sende idéen må du oppgi kontaktinformasjon. Det betyr at Idémottaket må vite kven du er. Ideen vil aldri bli lagt synleg med deg som innmeldar utan ditt samtykke.
 
Kva vil det sei at ein idé patenterast?
Patentering inneber at ideen beskyttast og vil kunne gje eigar (deg) einerett til å utnytte den. Alle idear lar seg ikkje beskytte, men det er heller ikkje alltid nødvendig for å utvikle ideen. Dersom du meiner at ideen bør patenterast så sender vi den vidare til vårt teknologioverføringssenter.
 
Kva betyr det å kommersialisere ein idé?
Det betyr at ein tenker forretningsmessig for å tene pengar på ideen. I eit sjukehus vil mange idear kunne utviklast og tas i bruk, utan å kommersialiserast, og likevel vere til stor nytte for pasientar, tilsette og sjukehus. Du kan gjere ein forskjell!